Stavanger Aftenblad

«Dette er sært. Reint frydefullt sært, er det. Spontant, leikande, lyttande. Og frå denne leikande, nyfikne haldninga sprutar det gneistar av refleksjon. Over nedarva høgtidelege emne frå musikkhistoria, slike som nærmar seg å ha blitt sanningar hogde i stein. Som den klassiske improvisasjonen sitt nære slektskap med det utkomponerte verket, kyrkjeorgelet som dronninga blant instrumenta, skjønnklangen og det majestetiske, overjordiske ved henne. Frå ein stad langt borte frå dette utforskar Asheim noko anna. Får florlette pipepust til svar. Eller grove toneflerr og prustande mekanikk. Organismen knirkar til tider lik ein rusten morgonkropp i februar, sjølv ikkje hos ei orgeldronning er alle kroppslydar like flatterande. Men dei ulike tilnærmingsmåtane byggjer også opp spenning seg imellom, rytmiske mekaniske utbrot blir kommentert på meir konvensjonelt klingande måte, avføder nye utbrot i ein musikalsk spin-off av utbrot og respons. Mellom der sit vi, og blir klar over alvoret i denne musikken. Den maktar faktisk å stilla spørsmål ved kva eit musikkverk er, mens vi lyttar avteiknar også våre eigne førestillingar og forventningar til verket seg. Førestillingar om ei forteljing utspeilt over tid, eit tema, ei stadig tettare utvikling, høgdepunkt og avspenning. Nettopp den spontane, leikande tilnærminga hos Asheim rykkjer oss ut av alle slike vante tankebanar, og gjer det dermed muleg å få auge på dei.
Det gir assosiasjonar til poeten Øyvind Bergs måte å bruka språket på. Han smett ut og inn av det trivielle og tradisjonelle språket, sett det saman på nya måtar, drar oss inn i ein fortetta ordleik som ikkje bare er nyskapande, men som også stiller spørsmål ved vedtatte sanningar om høgt og lågt, makt og avmakt i måtar å bruka språk på. Som Berg uttrykkjer Asheim seg innanfor kunstretningar med tunge tradisjonar og konvensjonar, og bruker den inngående kjennskapen sin til å stilla spørsmål ved dei. Gjennom å leika. Det er difor denne innspelinga ikkje bare blir sær, men frydefull tåkrøllande, tankevekkjande særeigen.»

Solveig Grødem Sandelson